Bok for vaksne og barn  

Solveig er ei fantasifull og glad jente. Ho bur saman med foreldra, tre sysken og besteforeldra, på eit småbruk i Veslevika. At ho ofte set idéane ut i livet, gjer at dei heime synest ho er ei tøysejente. Men Solveig har og vanskar, eit stort problem. Ho kjenner seg ikkje heime på skulen. Lærar Ormestad ser ikkje nokon nytte i det ho kan. Bokstavane blir feilplasserte og fantasien er for stor, meiner han. Han likar nabojenta Ingrid, som er flink med bokstavar og tal. Ingrid og Solveig er naboar. Skulen blir ein vanskeleg stad å vere. Ein liten glød blir tent då ho les om skrivekonkurransen. Solveig har mange historier i hovudet. Men det blir mange feil. På skulen har ingen tru på henne. Til slutt stikk Solveig av heimanfrå. Men det er då ting tek til å hende.

Dette er like mykje ei bok til oss vaksne. Burde vi ikkje vurdere våre arbeidsmetodar når ting ikkje
fungerar? Boka er ein hyllest til fantasien og kvart barn individuelt. Alternative tenkjemåtar er der, om vi er viljuge til å opne oss for dei.

Boken er innbundet.

 
     
Vext media, Postboks 358. 1471 Lørenskog Tel.: 67 97 31 86 Faks: 67 90 28 50 E-mail: unico@bluezone.no
©Copyright Unispar AS 2007